FORFATTEREN  
 » Forfatteren
 » Verker
 » Intervju
 » Bilder
 » Musikk
 » Linker
 » Kontakt
Eg er fødd 1960 i Ørsta på Sunnmøre, og voks opp der.
Min yrkesbakgrunn er mangfaldig og variert, men hovudsaklig har eg drive mange år som selfangar og fiskar, noko eg etterkvart kombinerte med skrivinga mi, altså eit slags vekselbruk mellom “fysiske” (pengeinnbringande) og meir “intellektuelle” syslar.

Eg begynte på gymnas i Volda då eg var 20, og var sidan innom statsvitenskap ved dh-skulen i Stavanger, så norsk grunnfag ved dh-skulen i Volda, før eg runda av med halvårig forf.studium ved dh-skulen i Bø i Telemark.

Eg bor for tida på Vågå i Gudbrandsdalen. Eg arbeider ved sida av skrivinga som reisande energimontør, ein kombinasjon eg har drive sidan 1998.


Introduksjon ved Svein Aam - journalist, laksefiskar og barndomskamerat.


Sjømann og cowboy, musikar, artist. Det kan vel aldri vere trist.

Himmelseglaren Arne Mo er ikkje høgderedd. Forfatteren Arne Mo er ikkje skuggeredd. Men musikaren Arne Mo si debutplate. Ho heiter Redd.

Her har Arne omsett tekstene til den svarte countryartisten Ted Hawkins til norsk.

Dette er førebels einaste handfaste resultat av Arne si musikarkarriere, ein karriere som starta som Elvis- imitator på bygdene på Sunnmøre. Då CDen Redd vart lansert laga eg og bror min Pål ein video av ein av songane. Melodien er IKKJE typisk country, men tittelen er det: HEIMLENGSEL. Det er ein sjømann og vestlandscowboy sin hyllest til si barndoms grend.

******

På omslaget til novellesamlinga Med vetet i baklomma kan vi lese: "Gutta boys i desse forteljingane møter ofte seg sjølve i døra, og får rare uttrykk i fjeset" .

I den andre novellesamlinga er tittelen rett på sak: Mannfolk.

Gutta boys i debutromenen Raud Is er på selfangst.

Gutta i den ultimate himmelseglarromanen Skywayman er fridomssøkande prikkar på himmelen.

I den tredje romanen, den ferske Vandraren er den mannlege hovudpersonen ei tikkande bombe.

Gutta boys, sjømenn, rypejegrar , laksefiskarar, bygdisar, anleggsarbeidarar. Eit allsidig persongalleri som er vanskeleg å beskrive med eitt ord. Det einaste mennene i bøkene mine har til felles er at dei sjeldan jobbar på kontor, seier forfatteren sjølv.

Det er akkurat slike menn han skriv fòr også.

Arne Mo vil at menn som ikkje jobbar på kontor skal lese det han skriv. Problemet er at menn som ikkje jobbar på kontor, også har ein annan ting til felles; dei les sjeldan bøker.

****

Kven er det som les bøker?
Ja, det er eit mysterium for mannfolk som ikkje jobbar på kontor.

Undersøkingar syner at den typisk boklubbmedlemen er ei kvinne, gjerne under utdanning. Og er ho ferdig utdanna, så er sjansane store for at ho får seg jobb på eit kontor.

Mannfolka Arne Mo skriv om og for prøver seg nok på desse kvinnene også, om sjansen byr seg ein fredagskveld etter midnatt. Dei kvikkaste av dei vil straks skjøne at sjansane er små, og går raskt vidare til neste bord.

Arne Mo vert nok aldri nokon typisk bokklubbforfattar. Og eg tvilar på at tema som "Forfattaren Arne Mo si framstilling av jegersituasjonen" , eller: "Kvinna si rolle i Arne Mo sitt forfattarskap" vil bli gjenstand for hovudoppgåver i litteraturvitskap.

*****

Det er lygn å seie at Arne Mo er ein kritikarrost forfattar.

Det er like lite sant at han er ein slakta forfattar.

Det har vore anten eller.

“Ikkje truverdig”, meinte Dag og Tid sin kritikar om Vandraren.

“En fantastisk innlevelse i et stolt og mishandlet sinn”, skreiv Sunnmørsposten sin meldar, Lars Roger Furnes.

Ei formulering som kanskje vert å finne på neste bokomslag saman med desse:

“Eit forfattartalent som det skummar av”. Ivar Grimstad i Dag og Tid om debutromanen Raud Is.

“Suveren fortellerkunst i beste kinck-tradisjon”, meinte Kjetil Bjørnstad i Aftenposten, om novellesamlinga Med vetet i baklomma

“Her boltrer det seg en humorist med Jacob Sande-sleng”, skreiv Karsten Alnes i Dagbladet.

Kinck og Sande. Det er store sko, dette. Gamle og godt brukte sko. Men kanskje ikkje så unaturlege namn å nemne når ein såpass uvanleg ung forfattar skulle plasserast i bås.

Jack London er eit anna namn som kunne vore nemnt. Amerikanaren er kjent for sine villmarksfortejingar frå Alaska, men han har også skrive det delvis sjølvbiografiske meisterverket Martin Eden. Sjømannen, selfangaren og lausarbeidaren Martin Eden- som vart berømt forfattar.

*****

Arne har uttalt at han skriv moderne, levande nynorsk - farga av talemålet. Sjølv har eg krangla mykje med Arne om dette med skriftleg talemål. I Cappelen tok dei det ikkje så nøye, men i Det Norske Samlaget har Arne møtt meir motstand frå språkvaktarane. Og jammen har han ikkje gitt litt etter også - heldigvis.

Mindre banning er det også etterkvart. I alle fall mindre enn i Raud Is. Selskinnhandlaren Christian Rieber kjøpte 100 bøker , USETT, for å gi til dei ansatte i julegåve. Men så byrja han å lese og oppdaga at Arne Mo skreiv slik dei snakka på isen. Dermed hamna den største einskildordren av Arne Mo- bøker nokon gong truleg på eit bokbål. Eller kanskje står dei 100 bøkene stua vekk på eit fryselager, saman med andre vanskeleg omsetjelege selprodukt.

Arne bur no i Vågå, i eit hus som ligg 850 meter over havet, på yttergrensa til Jotunheimen. Her skriv han, når han ikkje reiser land og strand på linjearbeid. Men i det siste har han skrive på brakka også.

Arne har ein typisk frilans-karriere. Frilans fiskar, frilans dørvakt, frilans forfattar, og dei siste åra: frilans linjemontør - sterkstraum og svakstraum. Altså ein karriere mang ein ung forfattarspire skulle likt å lyge på seg.

Det mest stabile Arne kan vise til ved sidan av skrivinga er selfangst. Med 17 sesongar på isen er han ein av dei mest erfarne selfangarane, av dei som framleis er aktive.

***

_- Er det mykje sjølvopplevd i bøkene dine?, spurde ein intervjuar frå Dag og Tid.

_- Nei, ingenting er sjølvopplevd. Eg er profesjonell lygnar. Men handlinga i bøkene mine er henta frå miljø og livssituasjonar som eg kjenner, svara han.

Ja, folkens, slik svarer ein sjølvutnemnt lygnar.

******

Arne Mo er rastlaus, men ikkje rotlaus. Anten det er direkte uttalt eller ikkje, så er handlinga ofte lagt til Ørsta, og ikkje minst naturen kring Ørsta. Det er ikkje tvil om kva som er elva, sætra eller bygda. Handlinga i Vandraren er lagt til bygda Sølvfjord. Diktaren har loge. Det har han rett i. Men berre litt. Ingen ørstingar har vanskar med å kjenne seg att. Arne har sagt at å bruke oppdikta stadnamn gir han større fridom i diktinga. Han kan dikte inn scener, hus og andre ting som kanskje ikkje finst, til dømes i Ørsta. Arne ser ingen grunn til ikkje å bruke kulisser i form av stadar han kjenner godt. “Det er ikkje stadane som er viktige” seier han. “Men folka og det som skjer der. Og folka og hendingane er oppdikta. Sjøl om alle gode romanpersonar minner om nokon. Viss ikkje har eg gjort dårlig handverk”.

Arne skriv om kameratskap, fiendskap og jækelskap. Om bygdeoriginalar og mystiske elvefiskarar. Om dei som taklar sjømannslivet og friluftslivet langt betre enn kjærleikslivet, og resten av livet. Testosteronbombene som vinn slosskampar, men endar på taparlaget.

Mange av novellene til Arne er folkelege forteljingar med humoristisk preg, og verkar kanskje litt gammaldagse- i alle fall sett med ei litteraturstudine sine auge. Men i den siste romanen er temaet moderne, aktuelt , mørkt og alvorleg.

***

Den helga eg las Vandraren var nyhenda prega av ein mann som gjekk amok i Sandefjord og drap ekskona, sonen og seg sjølv.

Ufattelege tragediar vert det gjerne kalla. Og dei skjer stadig. Med menn i hovudrollene, som gjerningsmenn og offer. Akkurat som i Vandraren.

Kvifor vil nokon seg så vondt at dei vil bli forfattar? Kvar kjem denne sterke spiren frå? Kvifor skal nokon på død og liv skrive bøker for folk som ikkje les bøker.

Det var i 1985 trur eg, det året då eg og Arne vart 25 år.

Eg sat i bilen ved osen av Ørstaelva ein sommarkveld og speida etter laks. Min gamle laksefiskarkompis Abbi dukka opp. Eg hadde ikkje sett han på lenge.

Han slengde ei kladdebok med handskrivne notatar på dashbordet. Det var noko han hadde skrive ned då han var i isen, sa han. Om eg kunne sjå på det. Om det var bra?

Dette kunne bli pinleg. Den gamle handbakmeisteren frå Esso: Rabagasten Arne Mo, laksedreparen frå Ananiashølen, kom ut av skåpet.

Han ville bli forfattar.

Han som droppa ut av skulen så snart han var konfirmert. Han som vart familiefar i god tid før vi andre var ferdig med gymnaset. Han som brukte den første hyra frå ishavet på moped og hangglidar.

Men èg tok feil. Arne fekk rett. Selfangaren vart verkeleg forfattar. Akkurat som Martin Eden.

Til toppen